Hardanger frukt og sider festival 2011 PDF Skriv ut E-post

Velkomne til festival i Øystese 2011!
Vår festival er ikkje av dei største – men derimot ein av dei mest trivelege! Besøkande og utstillare kjem att år etter år.I år er NBF Vestenfjeldske invitert til å bidra med alkoholfrie drinker og forslag til verdens beste siderdrink.

 

 

Følg denne linken til festivalens hjemmeside

Laurdag er marknadsdag med god, gamaldags marknadsstemning. Dei ny-etablerte Kvamma-bedriftene Eva`s bakeri og Bakar-Tove kjem med fersk bakst. Mangt anna godt vert bydd fram! Sjølvsagt kjem fleire siderprodusentar frå Hardanger. Så her vert det høve til å smake på ulike typar sider og få gode råd til eigen "kjellarproduksjon".
I år set me òg fokus på øl-bryggjing. Det vert bryggje - kurs,
demo- bryggjing på marknaden, sal av utstyr og forhåpentlegvis får me besøk av nokre småskala ølprodusentar.
Nytt i år er at det er fleire fruktgardar som inviterar dykk til gards på sundag. Spanande gardar med triveleg vertskap. Det er ulike aktivitetar på gardane.
Programmet og nyheiter vert publisert etter kvart. Me jobbar med saken..
Hjarteleg velkomne!
Beste helsing
Sider-komiteen med Marit Buttingsrud, Anita Forselius, Even Øyri og Per Morten Storholm

Sist oppdatert torsdag 08. september 2011 16:37
 

Nettstedet er utviklet av Flipmachine

Flipmachine